Materialer

Porselen

Porselensleira eg brukar kjem i sekkar på 25 kg. Eg veg opp ingedienser, rører, søler og støyper i gipsformer. Det er i heile tatt ein litt omstendelig prosess. Vegen frå pulver til kaffikopp er lang og der er mykje som kan gå gale på vegen. Det er altså så fascinerande å drikke kaffi frå ein porselenskopp, vaske den i oppvaskmaskinen og tenke på at det står 250kg koppar i pulverform nede i garasjen.

Steingods

Sirkuskoppane er, både i form og farge, noko for seg sjølv. Kontrasten mellom det delikate porselenet eg lagar og desse handbygga koppane i steingods er stor. Dei er wonky, deilige og går sjølvklart i oppvaskmaskinen.