I ein garasje på Askøy er det magien skjer. Det er ihvertfall heilt magisk for meg å arbeide med leire.
No trur jo eg at det er flest kjentfolk inne på denne sida, men til deg som ikkje kjenner meg – hei, eg heiter Cecilie. Eg skulle ønske at eg kunne presentere meg som ein keramiker med eige lyst og luftig atelier, men enn så lenge sjonglerer eg tre små gutar og lagar keramikk rundtom i heile huset og i kvart ledige sekund både med og utan unger.
Produkta mine er handlaga og i stor grad eit resultat av det som inspirerer meg der og då. Eg har ikkje klart å lande på ein «stil» eller eit uttrykk enda, men eg trur ikkje det er målet heller. Det er så uendelig mange teknikkar, fargar, glasurar og leiretypar som må prøvast.
